tirsdag 17. november 2015

Gåvepapir I

















Gåvepapir II















Oppgåve Gåvepapir. Mønsterbygging i Photoshop. Prosess med masse utprøvingar resulterte i produktet: innpakka gåve med heilskapeleg til og fra-lapp...




Bærekraftig





















Bærekraftig, ei oppgåve om å laga bærenett. Dh1 har jobba med tekstile dekorteknikkar (rammelim, svulmepasta og metallfolie), tatt symaskinssertifikat og laga bærenett...

tirsdag 3. november 2015

TreHus














VeggHus med ulik dekor. Alle elevane på DH1 har laga to vegghus kvar, eit med spor og eit med sjablongdekor.





















Geometriske husformer, med spanande overflater og Gaudi-inspirert pipe spikka i rått trevirke...




































TreHus-skulpturar...






Siste del av oppgåva TreHus handla om å lage plakat for utstilling. Fyrst eit lite Photoshopkurs, så bildebehandling av foto av utprøvingar i materiale og produkt, før ein til slutt brukte tekst og bilde til å laga plakat.

Spor i tre II








Nokre døme på Farge, tekstur og flate på TreHus-skulpturar...
Treverket er bearbeida med ulike verkty, pussa, lasert og pussa igjen...

tirsdag 27. oktober 2015

fredag 16. oktober 2015

Spor i tre I















Utprøvingar av ulike verkty og overflatebearbeiding av tre...



Smørekniv









Øving i å spikka i tørt tre. Smørekniv dekorert med kålrosing av furubark og olje.








Nøkkelforstørrar





















Produktdesign startar gjerne med at ein har et behov eller eit problem...
Behov/problem: Små einslege nøklar ein sjeldan bruker har ein tendens til å forsvinna.
Løysing: Nøkkelforstørrar.

Og i same slengen fekk ein øving i å spikka i rått tre, lasera og polera med bivoks



tirsdag 29. september 2015

Illustrator. Konsept. Kafè.















Fellesprosjekt MK2 og DH1. Innføring i programmet Illustrator gjennom praktisk arbeid med å lage logo og utarbeide eit konsept for Kafè. Produkt: Meny og Take away-kopp.





Organisk. Geometrisk










DH1 har jobba med omgrepa geometrisk og organisk, og sjangeren kunsthandverk. uOpnelege boksar av fyrstikkesker, avispapir og maling. Knottar av leire. Geometriske boksar med organisk dekor, og geometriske boksar med geometrisk dekor...


Fargebok





















DH1 har hatt fargeperiode. Teori og praktiske øvingar resulterte i ei fargebok (noko fargelause på utsida, men svært fargerike på innsida...


 Bøkene blei innbundne med teknikken Japansk bokbinding. Mjuke omslag av materialet tapet.








tirsdag 15. september 2015

Streng beskjed...














DH1 er i gong med å lage si eiga FargeLæreBok... Då har me snakka litt om kvalitetskjenneteikn og det står ein streng beskjed på tavla! (det er til dømes strengt forbode å pynte! Buke for mange fontar på ein gong! eller #skrivemedblåkulepennogikkjefåplasstilheileordetutanålagesmåbokstavarienden...)


Utstilling






















Heldige me er som har galleri vegg i vegg med klasserommet! Utstillingsbesøk og øvelse; fargeskisser med fokus på varm/kald-kontrast.

Drømmefangar





















Litt praktisk arbeid innimellom fargeteorien; Drømmefangar med komplementærkontrast. Bjørk, tekstil, tvinna tråd, laga fjør av papir...

Fargelære






















Fargelære: Fargeblanding, Fargeklangar og fargekontrastar. Illustrasjonar malt med gouasjmåling, skal bli ein del av innhaldet i fargeboka kvar elev lagar for å dokumentere kunnskapen sin om farge.

Lage motiv...








To fluer i ein smekk... under teikneperioden var venteoppgåva/ekstraoppgåva å FantasiTeikne vidare på eit utdelt ark med eit lite utsnitt. Med penn og fargeblyantar oppsto det spanande motiv. Teikninga blei forstørra og ein gjekk på jakt etter fine utsnitt. Utsnitta blei teikna på lysbord, scanna og bearbeida i Photoshop og illustrator. Utskrivne på godt papir danner dei utgangspunktet for det vidare arbeidet med fargelære.

Teikneperiode...

















DH1 har hatt teikneperiode. Ulike øvelsar har gitt utvikling av teikneferdigheter... dei fleste hadde slutta å teikne etter teiknekrisa... no er dei igang igjen!

mandag 7. september 2015

Stilleben






















DH1 har hatt teikneperiode kor ulike øvingar med teknikkar, verkty og verkemedel innan teikning er prøvd ut. Teikneperioden avsluttast med ei oppgåve kor ein skal teikne stilleben med blyant. Fokus på valør, lys og skygge, form og proporsjonar...

Kull











Øving med kull som teiknereiskap. Motiv: Tørre pinnar...

fredag 4. september 2015

Ein skog av blekk...


















Øving i å overføre form, å teikne det ein ser, få litt erfaring med pensel, saks og det å jobba i stort format...