tirsdag 1. september 2015

Å komma litt i gong med teikning...






















Første økt med teikning...berre for å koma litt igong... sleppa seg litt laus, slappa litt av med teiknereiskapen og ikkje ta det så nøye...

Bli kjent...




































Heile skulen deltok i Bli-kjent-race i Etne... her frå papirstasjonen kor laget skulle riva ein lengst mogleg strimmel av papir, samt samarbeidsoppgåva: "Riv ein blå hest".....

SommarMinneBok






















Ferien er over og kvardagen igang... Då er det tid for å laga ei SommarMinneBok... Franske dører som teknikk, bearbeida kraftpapir og andre dekorelement... Alle skulle ta med eit lite sommarminne som ein skulle utforme ei bok rundt, inni har ein bokblokk med plass til foto.

Bearbeiding av papir





















Førebuing til oppgåve SommarMinneBok... Bearbeiding og farging av kvitt og brunt kraftpapir... Papiret er krølla, lasert med maling, tørka, krølla, strøke, krølla og strøke... Då får ein fin tekstur og mjukt papir som egnar seg godt til bokbinding...

Klasseromsklokka 2015





















Årets fyrste oppgåve. Klasseromsklokka. Kvar elev laga ein tidskapsel av fyrstikkeske. Inni eska er det ein lapp med tankar og meiningar, samt eit par blindkonturteikningar av medelevar. Fyrstikkeska er forsegla med kollasj-teknikk... siste skuledag i juni opner me tidskapselen og ser kva me tenkte fyrste skuledagen i august.