tirsdag 29. september 2015

Illustrator. Konsept. Kafè.















Fellesprosjekt MK2 og DH1. Innføring i programmet Illustrator gjennom praktisk arbeid med å lage logo og utarbeide eit konsept for Kafè. Produkt: Meny og Take away-kopp.





Organisk. Geometrisk










DH1 har jobba med omgrepa geometrisk og organisk, og sjangeren kunsthandverk. uOpnelege boksar av fyrstikkesker, avispapir og maling. Knottar av leire. Geometriske boksar med organisk dekor, og geometriske boksar med geometrisk dekor...


Fargebok





















DH1 har hatt fargeperiode. Teori og praktiske øvingar resulterte i ei fargebok (noko fargelause på utsida, men svært fargerike på innsida...


 Bøkene blei innbundne med teknikken Japansk bokbinding. Mjuke omslag av materialet tapet.








tirsdag 15. september 2015

Streng beskjed...














DH1 er i gong med å lage si eiga FargeLæreBok... Då har me snakka litt om kvalitetskjenneteikn og det står ein streng beskjed på tavla! (det er til dømes strengt forbode å pynte! Buke for mange fontar på ein gong! eller #skrivemedblåkulepennogikkjefåplasstilheileordetutanålagesmåbokstavarienden...)


Utstilling






















Heldige me er som har galleri vegg i vegg med klasserommet! Utstillingsbesøk og øvelse; fargeskisser med fokus på varm/kald-kontrast.

Drømmefangar





















Litt praktisk arbeid innimellom fargeteorien; Drømmefangar med komplementærkontrast. Bjørk, tekstil, tvinna tråd, laga fjør av papir...

Fargelære






















Fargelære: Fargeblanding, Fargeklangar og fargekontrastar. Illustrasjonar malt med gouasjmåling, skal bli ein del av innhaldet i fargeboka kvar elev lagar for å dokumentere kunnskapen sin om farge.

Lage motiv...








To fluer i ein smekk... under teikneperioden var venteoppgåva/ekstraoppgåva å FantasiTeikne vidare på eit utdelt ark med eit lite utsnitt. Med penn og fargeblyantar oppsto det spanande motiv. Teikninga blei forstørra og ein gjekk på jakt etter fine utsnitt. Utsnitta blei teikna på lysbord, scanna og bearbeida i Photoshop og illustrator. Utskrivne på godt papir danner dei utgangspunktet for det vidare arbeidet med fargelære.

Teikneperiode...

















DH1 har hatt teikneperiode. Ulike øvelsar har gitt utvikling av teikneferdigheter... dei fleste hadde slutta å teikne etter teiknekrisa... no er dei igang igjen!

mandag 7. september 2015

Stilleben






















DH1 har hatt teikneperiode kor ulike øvingar med teknikkar, verkty og verkemedel innan teikning er prøvd ut. Teikneperioden avsluttast med ei oppgåve kor ein skal teikne stilleben med blyant. Fokus på valør, lys og skygge, form og proporsjonar...

Kull











Øving med kull som teiknereiskap. Motiv: Tørre pinnar...

fredag 4. september 2015

Ein skog av blekk...


















Øving i å overføre form, å teikne det ein ser, få litt erfaring med pensel, saks og det å jobba i stort format...

tirsdag 1. september 2015

Å komma litt i gong med teikning...






















Første økt med teikning...berre for å koma litt igong... sleppa seg litt laus, slappa litt av med teiknereiskapen og ikkje ta det så nøye...

Bli kjent...




































Heile skulen deltok i Bli-kjent-race i Etne... her frå papirstasjonen kor laget skulle riva ein lengst mogleg strimmel av papir, samt samarbeidsoppgåva: "Riv ein blå hest".....

SommarMinneBok






















Ferien er over og kvardagen igang... Då er det tid for å laga ei SommarMinneBok... Franske dører som teknikk, bearbeida kraftpapir og andre dekorelement... Alle skulle ta med eit lite sommarminne som ein skulle utforme ei bok rundt, inni har ein bokblokk med plass til foto.

Bearbeiding av papir





















Førebuing til oppgåve SommarMinneBok... Bearbeiding og farging av kvitt og brunt kraftpapir... Papiret er krølla, lasert med maling, tørka, krølla, strøke, krølla og strøke... Då får ein fin tekstur og mjukt papir som egnar seg godt til bokbinding...

Klasseromsklokka 2015





















Årets fyrste oppgåve. Klasseromsklokka. Kvar elev laga ein tidskapsel av fyrstikkeske. Inni eska er det ein lapp med tankar og meiningar, samt eit par blindkonturteikningar av medelevar. Fyrstikkeska er forsegla med kollasj-teknikk... siste skuledag i juni opner me tidskapselen og ser kva me tenkte fyrste skuledagen i august.